Førde KFUK-KFUM er ein del av Norges KFUK-KFUM, ein av norges største barne- og ungdomsorganisasjonar. Førde minigospel, Førde Tweensing, UteLudus og Deciding høyrer til under Førde KFUK-KFUM.
Nattcup og Barnegospelfestival arrangerer Førde KFUK-KFUM saman med Sogn og Fjordane krins av KFUK-KFUM.

Gåver til Førde KFUK/KFUM sitt arbeid kan du gje slik:
Ungdomsarbeidar-/gjevarteneste kontonummer 3700.20.61970
Denne stillinga er løna av frivillige gåver og er eit samarbeidsprosjekt med Førde sokneråd. Til stillinga har Førde K/M forplikta seg på ein årleg del av dei økonomiske driftsmidlane, difor er ditt bidrag svært viktig.

Førde KFUK/KFUM har kontonummer 3700.20.08395
Lokallaget i Førde arbeider for å ta vare på alle som engasjerer seg i KFUK/KFUM-arbeidet i Førde. Einingane, enkeltmedlemar, frivillige medarbeidarar og kontakten mot kyrkjelyden elles. Også her er ditt bidrag uansett viktig.

Førde
KFUK-KFUM
v/Anne Magerøy

Kontaktskjema
Skriv inn di e-postadresse viss du vil ha varsling om nytt frå Førde KFUK-KFUM:

Nytt

Midtlivsaften

Ein hugnadsfull, uformell og triveleg torsdagskveld på grensa til det festlege…
Les meir »   05.03.10 kl. 20:50

Førde Tweensing på UKM

Laurdag 13.februar deltek Førde Tweensing på UKM i Førdehuset. Frammøte til lydprøve kl.12:00. Konsert kl.16:00.
11.02.10 kl. 17:26

K-gruppa

K-gruppa samlast på Kyrkjetunet torsdagar kl.20:00 (sjå plan under). Første samling dette halvåret er 11.februar. Gamle og nye velkomne.
Les meir »   09.02.10 kl. 17:23

Årsmøte i Førde KFUK/KFUM 18.februar 2010

Du er velkomen til årsmøte på Førde kyrkjetun 18februar kl 1900.
Les meir »   08.02.10 kl. 14:24

Barnefestival på Operahuset på Eid 20. mars 2010

Sett av datoen 20. mars 2010 allereie no! Då skal Førde Minigospel og Førde TweenSing vere med på KFUK-KFUM sin store Barnegospelfestival. Då skal vi synge ilag med 150 andre barn frå heile fylket i Operahuset på Nordfjordeid!
Les meir »   23.10.09 kl. 22:23

RSS