Barnefestival på Operahuset på Eid 20. mars 2010

Sett av datoen 20. mars 2010 allereie no! Då skal Førde Minigospel og Førde TweenSing vere med på KFUK-KFUM sin store Barnegospelfestival. Då skal vi synge ilag med 150 andre barn frå heile fylket i Operahuset på Nordfjordeid!

I løpet av denne dagen skal vi ha fellesøving i lag med dei andre kora. Vi skal også ha god tid til myldretorg der vi kan sjonglere, teikne, få ansiktsmaling, tippe, hoppe, leike, danse, trikse eller kanskje balansere på line. Innimellom slaga må vi ha matpause! Og på ettermiddagen skal vi altså framføre utdrag av musikalen "Latterskrinet" av Hogne Moe på Operascena. Dette vert heilt sikkert ein kjempekjekk dag.

Praktiske ting om reise, påmelding osb kjem det meir informasjon om etterkvart.