Midtlivsaften
Ein hugnadsfull, uformell og triveleg torsdagskveld på grensa til det festlege…
18.mars kl. 20.00 i Briljanten på Førde kyrkjetun.
På grunn av vårleg vinter med vassløyse, dyr straum og sprengkulde , ber vi i beste meining inn til ny Midtlivsaften på Førde kyrkjetun.
Gråstein Amfiteater har opparbeidd seg ein viss erfaring på å presentere ulikt stoff. Siste storhendingar både lokalt og nesten globalt gjev oss ein skrekkblanda revy-fryd!
Så er vi svært stolt over å få booka det populære bandet Odd Arne`s denne marskvelden! Vi vil også dekke bordet med eit utsøkt og velsmakande måltid, og før vi takkar for laget vert det ”Ord til ettertanke”
Alt dette får du for halv pris av raud pris; berre 125,- pr. person.
Vi vonar at dette høyrest så triveleg ut at du vil bli med på denne uformell og som sagt nesten festlege torsdagskvelden…
Dei som inviterer inn er Førde KFUK/KFUM.
Grunna det omtalte måltid, ber vi om påmelding på e-post til oddvar.etnestad@gmail.com /sms til 975 99 446 innan tys 16.03.10.